Dersom kommunen din tilbyr tenester på Helsenorge vil du finne dei ved å logge inn. Du kan sjå kontaktane dine under Helsekontakter.
Helsestasjonstenester for gravide og barn 0-5 år
Send melding
Er du gravid, kan du sende melding til jordmortenesta etter at jordmor har oppretta ein timeavtale til deg.
Du kan sende meldingar på vegner av barnet til helsestasjonen frå Innboks. Du kan sende praktiske spørsmål til kontoret, eller spørsmål om helsa til barnet til helsesjukepleiar.
Når du får svar, vil du få varsel på e-post, sms eller i Helsenorge-appen.
Sjå og endre avtalar
- Sjå og endre avtalar
- sjå avtalar du har med jordmortenesta
- sjå avtalar barnet ditt har på helsestasjonen
- avbestill avtalen viss tidspunktet ikkje passar
Når barnet eller du får ein time, vil du få eit varsel på e-post, sms eller i Helsenorge-appen.
Lær meir om kommunale helsetenester på Helsenorge i videoen over.
Du kan òg lese meir om tilbodet helsestasjon for barn 0-5 år.
Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
Send melding
Du kan sende meldingar på vegner av barnet til skulehelsetenesta frå Innboks.
Er du over 16 år, kan du sende melding til helsestasjon for ungdom og skulehelsetenesta.
Når du får svar, vil du få varsel på e-post, sms eller i Helsenorge-appen.
Sjå og endre avtalar
-
sjå avtalar barnet ditt har i skulehelsetenesta
-
avbestill avtalen viss tidspunktet ikkje passar
Når barnet eller du får ein time, vil du få eit varsel på e-post, sms eller i Helsenorge-appen.
Lær meir om skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom (HFU).
Sjå helsekontaktane i kommunen din
Alle barn og unge frå 0–30 år får automatisk ein helsekontakt i helsestasjons- eller skulehelsetenesta, så snart kommunen koplar seg opp mot Helsenorge.
Barnet eller ungdomen vil ha eitt av desse tilboda
- Helsestasjonstenesta i kommunen: Barn 0-6 år
- Skulehelsetenesta i kommunen: Barn og unge 6-23 år
- Helsestasjon for ungdom: Unge 16-30 år
Helsekontakt for helsestasjon er gyldig til 1. august det året barnet fyller 6 år.
Du finn òg informasjon om nåverande og tidlegare fastlegar og andre kontaktpersonar i den kommunale helsetenesta på Helsenorge.
Bruk av helsestasjonstenester på vegner av barn
For å bruke helsestasjonstenestene på Helsenorge på vegner av barnet ditt loggar du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane for eller utføre tenester på vegner av.
På Helsenorge kan du representere barn du har foreldreansvar for, og sjå helseopplysningane deira, med nokre avgrensingar:
- Viss ein eller fleire av foreldra er folkeregistrerte på same adresse som barnet, vil begge foreldre kunne representere barnet.
- Om ingen av foreldra er folkeregistrerte på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunne representere barnet.
Du kan bruke helsestasjonstenestene på Helsenorge på vegner av barn opp til 16 år. Du kan sjå alle timeavtalar, bortsett frå dei som ikkje har foreldreinnsyn.
For unge over 16 år har ikkje foreldre lenger tilgang til tenester på vegner av barnet. Dei som har BankID eller tilsvarande kan sjølv logge inn og bruke tenestene på Helsenorge.
Sjå meir om kva tenester du har tilgang til på vegner av barn.
Innstillingar for varsel
Om du har foreldreansvar vil du få same varslar for barna som du har valt å få for deg sjølv. Det kan vere varsel på e-post, sms eller i Helsenorge-appen. Les meir om profilinnstillingar, kontaktinformasjon og varsel.
Hjelp og brukarstøtte
Har du spørsmål om bruk av den digitale løysinga? Ring Rettleiing Helsenorge på 23 32 70 00.
Har du spørsmål om helsestasjonstenesta? Ta kontakt med kommunen din.